Mange har meint mykje om Glacier Gondol – og det synest vi er positivt! Difor har vi opna denne nettsida for å skape ein transparent og ryddig dialog med alle som er interesserte i prosjektet.
Nedanfor finn du svar på spørsmål vi ofte får, eller som sirkulerer i lokale og sosiale medium. Har du eit spørsmål som ikkje er besvart, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss.
Prosjektet er lokalt eigd av bygdefolk, næringsdrivande, grunneigarar og eldsjeler i Sunnfjord og naboregionane. Dette er familiar og verksemder som ønskjer å skape liv, arbeid og aktivitet i bygda si.
Glacier Gondol er eigd av over 70 aksjonærar – alt frå lokale småaksjonærar til reiselivsaktørar, næringsliv og eldsjeler. Det breie eigarskapet viser kor sterkt engasjementet er for å skape ny vekst og aktivitet i Jølster og Sunnfjord.
Vår visjon er at fleire enn i dag skal få oppleve den ville og vakre naturen vi har rundt oss. Då ville det vore ganske bakvendt å gjere det ved å bygge ned store naturområde.
Det er snakk om minimale fysiske inngrep i terrenget. Gondolen krev svært lite areal – med ei påstigningsstasjon nede ved riksveg 5 og ei enkel utsiktsplattform på toppen. Anlegga blir tilpassa landskapet, og samla utbygging vil vere omtrent tilsvarande eit hus. Utbygginga gir svært avgrensa nedbygging av natur.
Vi har valt ei løysing med minst mogleg fotavtrykk. Toppen ligg rett utanfor nasjonalparken, og sjølve opplevinga skjer frå ei avgrensa og trygg plattform. Her kan folk sjå breen på nært hald – utan å gå fritt i terrenget eller ut på breen.
Slik samlar vi ferdselen til eitt godt tilrettelagt punkt, i staden for at besøkande spreier seg utover i sårbar natur. Det gir betre vern, betre oppleving og langt mindre slitasje.
Vi bur midt i ein av Noregs mest besøkte reiselivsregionar, med fleire hundre tusen besøkande kvart år. Berre i Sogndal og Sunnfjord vart det registrert over 420 000 gjestedøgn i 2022, og cruisetrafikken til fjordane rundt trekker kvart år fleire hundre tusen besøkande (ca. 230 000 til Flåm, 200 000 til Olden/Nordfjordeid og 50 000 til Vik).
Glacier Gondol handlar ikkje om å trekke fleire hit, men om å gi eit betre tilbod til dei som uansett reiser gjennom regionen vår. Når fleire av dei stoppar, kan dei ete på restaurantane, handle i butikkane og kanskje overnatte – noko som gir verdifulle inntekter til lokalsamfunnet. Gondolen kan òg bidra til å spreie besøk gjennom året. Målet er ein heilårsdestinasjon, ikkje ei sommarbølge. Då kan vi skape fleire stabile arbeidsplassar og meir forutsigbar næringsaktivitet – utan å overbelaste verken naturen eller bygda.
For å sikre dette blir det ikkje fri ferdsel frå toppstasjonen på Tverrfjellet. Opplevinga blir trygg og avgrensa, med styrt ferdsel som reduserer slitasjen på naturen. Dette handlar ikkje om å presse inn flest mogleg, men om å ta imot gjestene på ein betre måte – med meir styring, mindre kaos og betre opplevingar for både besøkande og fastbuande.
Gondolen i Loen er ein suksess – og eit bevis på at det finst stor interesse for trygge, spektakulære naturopplevingar i fjord- og brelandskapet. Men han dekkjer ikkje heile behovet.
Glacier Gondol handlar ikkje om å kopiere Loen – men om å skape eit heilt anna konsept, i ein annan del av fylket, med eit anna utgangspunkt. Her snakkar vi om tilgang til sjølve Jostedalsbreen – den største isbreen på det europeiske fastlandet – og om å utvikle heilårsturisme i eit område som i dag har langt mindre trafikk.
Saman kan desse to prosjekta styrke Vestland som heilårsdestinasjon. Vi treng fleire bein å stå på i reiselivet – og fleire tydelege punkt som kan ta imot besøkande på ein trygg og berekraftig måte.
Jo, det ville vore ei god bekymring – om vi ikkje tok det på alvor. Men vi gjer nettopp det. Vi har stor respekt for naturen – det er jo heile poenget med prosjektet. Difor har vi fått fagfolk til å kartleggje naturverdiane i området, slik at vi kan bygge smart og ta vare på det som er sårbart.
Tanken bak gondolen er ikkje å dra fleire folk ut i urørt natur – men tvert imot å samle ferdselen til eitt trygt og tilrettelagt punkt. Då blir det mindre slitasje på fugleliv, dyreliv og vegetasjon – og betre vern av det vi ønskjer å ta vare på.
Dette er eit godt døme på korleis vi kan kombinere opplevingar, verdiskaping og vern.
Nei, planane i Jølster er noko heilt anna. Gondolen vår får berre topp- og botnstasjon, utan mellomstasjonar og utan omfattande utbygging av service- og aktivitetstilbod på fjellet. Vi bygger ikkje restaurantar, aktivitetssenter eller nye vegar i høgfjellet.
Målet er å samle ferdselen til éin trygg trasé og éin inngang. Dei som berre vil sjå breen, får ei enkel utsiktsplattform ved toppstasjonen – på utsida av nasjonalparken – med panoramautsikt. Dei som vil ut på sjølve breen, må vere med erfarne guidar. Slik unngår vi fri ferdsel i sårbare område og reduserer slitasjen på naturen.
Dette er utvikling og vern hand i hand. Vi tek vare på naturen, samlar trafikken og gir fleire moglegheit til å oppleve fjellet trygt og skånsamt. Samstundes får reiselivet, butikkane og verksemdene i bygda nye bein å stå på – året rundt – utan å miste verdiane vi skal leve av i framtida.
Vi planlegg ein gondolbane frå Lundebotten innerst i Kjøsnesfjorden opp til Tverrfjellet – heilt fram til kanten av Jostedalsbreen, utan å gå inn i sjølve nasjonalparken. Nede ved riksvegen kjem det ei påstigningsstasjon, og på toppen ei enkel, tilpassa utsiktsplattform med panoramautsikt mot breen og fjellheimen.
Toppen av gondolen ligg rett utanfor nasjonalparken. Opplevinga blir trygg og avgrensa – slik det alltid har vore når folk har gått på breen. Frå toppstasjonen skjer all vidare ferdsel på breen som organiserte, guida turar med erfarne breførarar. Slik tek vi vare på tryggleiken, samlar ferdselen og skjermer sårbare område.
Jostedalsbreen er ei av dei mest spektakulære naturopplevingane i Noreg, men han er òg sårbar. Brearmane har trekt seg kraftig tilbake dei siste hundre åra, og utviklinga ser ut til å halde fram. Dermed blir den klassiske opplevinga frå bakkenivå gradvis borte.
Glacier Gondol gjer det mogleg for både lokalbefolkninga og tilreisande å kome tett på breen utan å slite på han. Frå gondolen og plattforma 1 500 meter over havet får du ei unik oppleving av ei av våre største naturskattar – og for dei som vil vidare ut på breen, skjer det som del av ei trygg, guida ferdsel.
Fleira av diskusjonane vi har sett tyder på at ikkje alle er kjende med kor avgrensa prosjektet faktisk er. Nokre trur dette handlar om å sleppe fri ferdsel heilt opp på breen, eller å opne for masseturisme. Det er faktisk motsett.
Gondolen skal gå frå Lundebotten innerst i Kjøsnesfjorden til Tverrfjellet – heilt fram til kanten av Jostedalsbreen, men utanfor nasjonalparken. På toppen kjem det berre ei enkel, tilpassa utsiktsplattform. Her stoppar turen for dei fleste. Vidare ferdsel ut på breen skjer berre saman med erfarne breførarar.
I dag spreier mange seg fritt i terrenget for å kome nær breen. Med gondolen samlar vi ferdselen til eitt punkt. Det gjer opplevinga tryggare, gjer det lettare å styre talet på besøkande og reduserer slitasjen på sårbar natur.
Samtidig legg vi til rette for berekraftig vekst. Vi bur midt i ein av Noregs mest besøkte reiselivsregionar, med fleire hundre tusen besøkande kvart år. Med gondolen kan vi få fleire til å stoppe, oppleve fjellet og bruke tid og pengar her – året rundt. Det betyr nye bein å stå på for reiselivet, butikkane og verksemdene våre, og fleire arbeidsplassar – utan å ta frå naturen verdiane vi skal leve av i framtida.
Nei, dette skal ikkje vere eit luksustilbod for dei få. Særleg er vi opptekne av at folk som bur her heile året, skal kunne bruke gondolen. Difor utforskar vi no ulike modellar for korleis innbyggarar, skuleklassar og andre kan få tilgang til eit rimeleg tilbod, til dømes via årskort eller rabattordning.
Vi trur nemleg at dei som bur her, er dei beste ambassadørane for Glacier Gondol. Då må det vere enkelt å bruke tilbodet – ikkje berre vise det fram til andre.
Gondolen gir ei trygg og tilgjengeleg oppleving av Jostedalsbreen utan krevjande turar eller utsett ferdsel. Det betyr at også barnefamiliar, eldre og personar med nedsett funksjonsevne kan kome tett på breen – på ein trygg og tilrettelagd måte.
Nei. Heile poenget med gondolen er å kombinere vern og utvikling. Vi vil at folk skal få oppleve breen slik dei har gjort i generasjonar, men på ein trygg og styrt måte som tek vare på naturen.
For dei som berre vil sjå breen, kjem det ei enkel utsiktsplattform ved toppstasjonen – på utsida av nasjonalparken – med panoramautsikt. For dei som vil ut på sjølve breen, skjer det berre som guida turar med erfarne breførarar. Det er allereie i dag krav om breførarkompetanse for å kunne ta seg ut på bre på eiga hand – noko berre nokre få har. Vi ser òg på moglegheita for å tilby kurs i samarbeid med lokale aktørar, slik at fleire kan få den nødvendige kompetansen til å oppleve breen på ein trygg måte.
For alle andre er guida tur den trygge og lovlege måten å oppleve breen på. Slik samlar vi ferdselen, unngår at folk vandrar fritt i sårbare område, og reduserer slitasjen på naturen.
I dag spreier mange seg i terrenget for å kome nær breen. Med gondolen får vi éin trygg trasé og éin inngang, utan å bygge nye vegar eller store anlegg. Det gjer det mogleg å regulere talet på besøkande, halde naturinngrepa små – og samtidig gi ei sterkare oppleving for gjestane.
Dette handlar ikkje berre om utsikt og opplevingar, men om berekraftig verdiskaping og reiseliv. Vi bur midt i ein av landets mest besøkte reiselivsregionar. Gondolen kan få fleire til å stoppe, oppleve fjellet og legge igjen verdiar i lokalsamfunnet – året rundt. Slik får vi fleire arbeidsplassar og nye bein å stå på for reiselivet, butikkane og verksemdene våre, utan å miste naturverdiane vi skal leve av i framtida.
Det er alltid ein viss risiko når ein satsar stort – men dette er eit gjennomarbeidd og realistisk prosjekt. Glacier Gondol er bygd på lokale verdiar, lokale eigarar og lokale behov.
Vi har brukt mykje tid på å rekne på dette, og trur at ei tydeleg satsing på heilårsturisme, betre besøksforvaltning og styrt ferdsel vil vere med å sikre både inntekter og arbeidsplassar i mange år framover.
Dette handlar ikkje om å tene raske pengar – men om å skape noko som varer. Vi ønskjer å bygge eit tilbod som gjer at fleire stoppar i bygda, overnattar, handlar og legg igjen pengar her – slik at fleire får moglegheit til å bu, jobbe og leve i Sunnfjord også i framtida.
Ta gjerne kontakt med oss! Vi ønskjer open dialog med alle som har spørsmål eller innspel. Du kan nå oss på post@glacierlift.no eller via sosiale medier – vi ser fram til å høyre frå deg.
