Glacier Gondol skal ikkje berre løfte folk opp til brekanten av majestetiske Jostedalsbreen – 1500 meter over havet. Gondolen kan bli ein nøkkel til å løfte Jølster og resten av Sunnfjord – i lag med nabokommunar og distrikta rundt – som bustad, reiselivsdestinasjon og livskraftig region.

Vi er stolte av bygdene våre, der folk i generasjonar har levd i pakt med naturen gjennom landbruk, arbeid, kultur og friluftsliv. Midt i ein av Noregs mest besøkte reiselivsregionar har vi eit stort potensial: Med gondolen kan fleire av dei mange gjestane som allereie passerer gjennom, stoppe for å oppleve fjellet og bruke tid og pengar her – året rundt.
Det gir nye bein å stå på for reiselivet, butikkane og verksemdene våre. Det gir fleire arbeidsplassar, og det kan gjerast utan vesentleg svekking av naturverdiane vi skal leve av i framtida.

-5_komprimert.jpg)
Sunnfjord og bygdene rundt står i ei krevjande tid med tomme fjøs, færre elevar og ungdom som flyttar ut, men vi har òg sterke bedrifter, stolte tradisjonar og eit unikt utgangspunkt for å skape meir liv.
Ei av dei største moglegheitene ligg rett utanfor stovedøra vår: Jostedalsbreen – den største isbreen på det europeiske fastlandet, ein nasjonal attraksjon og ei naturperle i verdsklasse som millionar drøymer om å oppleve.
Vi planlegg ein gondolbane frå Lundebotten innerst i Kjøsnesfjorden opp til Tverrfjellet – heilt fram til kanten av Jostedalsbreen, rett utanfor nasjonalparken. Nede ved riksvegen kjem det ei påstigningsstasjon, og på toppen ei enkel, tilpassa utsiktsplattform med panoramautsikt mot breen og fjellheimen.
Mange har meint mykje om prosjektet. Sannsynlegvis vart det sett ny rekord i talet på høyringsinnspel då kommunen opna for det. Vi skal studere og ta alle innspela på alvor, og justere der vi kan og der det er fornuftig. Samtidig ser vi at fleire av innvendingane bygg på mistydingar om kva som faktisk er planlagt og korleis prosjektet er lagt opp.

Glacier Gondol skal leggje til rette for heilårsturisme og gode tilbod til innbyggjarane – på ein måte som tek omsyn til naturen, samlar ferdselen og reduserer risiko for ulykker.
Saman kan vi løfte Sunnfjord – og heile regionen rundt!



Dette er ikkje eit prosjekt for investorar utanfrå. Det er vår idé – utvikla av bygdefolk, grunneigarar, næringsdrivande og eldsjeler som kjenner fjellet, breen og bygda. Vi gjer dette fordi vi trur på det – og fordi vi trur på Sunnfjord og krafta i heile regionen rundt.
Finn ut meir om Jostedalsbreen AS
Ta gjerne kontakt med oss! Vi ønskjer open dialog med alle som har spørsmål eller innspel. Du kan nå oss på post@glacierlift.no eller via sosiale medier – vi ser fram til å høyre frå deg.
