
Lurer du på korleis det går med gondolprosjektet? Vil du vite meir – eller kanskje bli med på laget? Velkomen til ope møte på Grand Hotell Skei torsdag 23. oktober kl. 19!
Prosjektet handlar først og fremst om at vi saman kan løfte Sunnfjord og heile regionen til nye høgder. For Glacier Gondol skal ikkje berre løfte folk opp til brekanten av majestetiske Jostedalsbreen – 1500 meter over havet. Gondolen kan òg bli ein nøkkel til å løfte Jølster og resten av Sunnfjord, saman med nabokommunane og distriktet rundt, som buplass, reisemål og livskraftig region.
Mange har meint mykje om prosjektet. Truleg blei det sett ny rekord i talet på høyringsinnspel då kommunen opna for det. Vi har gått grundig gjennom alle innspela, vi har opna ei ny nettside for å sikre openheit – og no inviterer vi til ope møte.
Der deler vi siste nytt, svarar på spørsmål og opnar òg for alle som ønskjer å teikne seg i samband med den pågåande emisjonen.
Hjarteleg velkomen til Grand Hotell Skei 23. oktober kl. 19! Vi håpar å sjå deg der. Har du spørsmål i forkant? Ta gjerne kontakt med oss på post@glacierlift.no.